
Velkommen til årets fyrste konsert
Les mer...
|
Dette vert supert!
Og det på fleire enn ein måte. Kommunen får ein kjempeflott kinosal, kommunalt tilsette (og fleire med) får ei lys kantine, eldresenteret får nye lokale - OG vi får snart tilgang til nytt øvingslokale. Men aller fyrst skal vi ha kinoopning. Det skjer kommande torsdag og korpset får æra å spele dei første tonane av "live" musikk.
Les mer...
|
Rikhaldig julekonsert
Små og store bidragsytarar ga tangingar og andre besøkande hjelp til å finne julestemninga på laurdag. Det var dagen for den etterkvart så tradisjonsrike julekonserten i Årdal kyrkje. Ei lett vinterkledd bygd hjalp til med julestemninga og med utøvarar frå korps, kor, kulturskule og skule vart det ein variert konsert.
Les mer...
|
Utdanningsmesse og førjulsstemning
Vi har lagt ein særdeles hektisk korpsdag bak oss med folk i aktivitet frå klokka ni om morgonen til sju på kvelden. Dagen starta med at vi rigga stand for å profilere korpset på Utdanningsmessa i Øvre. Det var ei heilt ny og kjekk erfaring. På ettermiddagen stod julegateopning på Tangen for tur - også den med litt ny vri for korpset sin del.
Les mer...
|
Grom lyd i rekkjene
På forrige øving fekk fem musikantar gleda å ta i bruk splitter nye instrument. Dei nye instrumenta erstattar gamle, velbrukte og utskiftingsmogne instrument i tråd med utskiftingsplanen vår med eitt unnatak - tenorsaksofonen er eit nytt instrument i rekkjene våre.
Les mer...
|
Stor stas med nye instrument
I tillegg til å vere korpset sin generalsponsor, har Indre Sogn Sparebank gjennom sitt Gåveinstitutt tildelt korpset ei pengegåve til bruk på aspirantinstrument. På onsdag vart det minikonsert i banken på både gamle og nye instrument. Det var stor stas - reine julekvelden.
Les mer...
|
Varm novemberlaurdag med to speleoppdrag
Utanom dei to festdagane i mai er det ikkje så ofte vi har fleire speleoppdrag på same dag. I dag var ein av dei. Først spelte vi i sentrum på superlaurdag på føremiddagen. Når skyminga kom, var det speling på kyrkjegarden som stod for tur - ein tradisjon på sjuande året faktisk.
Les mer...
|
Seminartur til Valdres
I helga tok korpset turen over fjellet til Vang for å møtest med Øystre Slidre Musikklag til felles seminar. For å sikre oss maksimalt musikalsk utbytte, plasserte vi våre respektive dirigentar bak høvesvis kornett og slagverk - og henta inn Erling Myrseth frå Oslo for å gje oss tips, triks og inspirasjon. Med eit utdrag av repertoaret frå kvart av korpsa, vart det ei blanding av kjend og nytt stoff vi øvde på.
Les mer...
|
Tidas blautaste er over
Fjord til fjell-dagane er over for i år og kan skrivast inn i historia som dei blautaste, men søndag og mandag vart det jammen sol. Vår aktivitet gjekk etter planen og ga eit brukbart tilskot til korpskassen.
Les mer...
|
Tradisjonsrik nasjonaldag
Årets 17. mai har gått inn i minneboka. Dagen starta med skikkeleg regnvêr før arrangementa tok til, men så letna det og det meste av utandørsfeiringa fekk fri frå regnet. Elles var det ein kjekk dag med tradisjonelt program også for korpset. Vi var litt færre i år mot dei siste åra, men det gjekk bra likevel. No har vi eitt år til å lade opp til neste korpsmaratondag med ca. 11 timar mellom fyrste og siste tone.
Les mer...
|