Tysnes Musikklag er eit Brass Band frå øya Tysnes i Sunnhordland ca. 1 time sør for Bergen med øya Stord som næraste nabo. Me er eit aktivt korps med godt sosialt fellesskap som har stor glede av hobbyen vår. Me har eige flott lokale i den nye Tysneshallen, og er ein viktig bidragsytar til det lokale kulturlivet med arrangement som nyttårsball, Tysnesfestivalen med marsjkonkurranse, dansegalla og mykje meir. Korpset har mange fine plasseringar frå NM for brass band og Siddis. Me øver måndagar, så har du lyst til å bli ein av oss, ta kontakt.