|
I 2006 skapte musikklaget historie då dei gjekk på scena i Grieghallen. Under leiing av den kjende musikaren Eirik Gjerdevik gjorde musikklaget seg internasjonalt kjend.
Tysnes Musikklag har i mange år delteke i Noregs Meisterskapet for Brass Band. Den årlege konkurransen går av stabelen i februar i Grieghallen i Bergen og trekkjer til seg musikantar, dirigentar og entusiastar frå både inn- og utland.
Fyrste gong musikklaget deltok i konkurransen var i 1988. Den gong vart resultatet ein sjuande plass i tredje divisjon. Etter den tid har musikklaget hatt både oppturar og nedturar. Mellom anna kan åra 2000, då musikklaget kom på fyrste plass i tredje divisjon, og 2005 då musikklaget kom på andre plass i tredje divisjon, nemnast. Men minnet som nok sit best att hjå musikantane er året då musikklaget kom på tredje plass i andre divisjon.
I 2006 skapte musikklaget historie då dei gjekk på scena i Grieghallen. For attande gongen deltok korpset i konkurransen. Men til forskjell frå tidlegare år, hadde dei no med seg ein stor dirigent. Den kjende tubaisten frå Bergen, Eirik Gjerdevik, var innleigd for å gjennomføra konkurransen med korpset. Prosjektet vart ein stor suksess. Med 91 poeng tok musikklaget ein særs god tredje plass. Og det på fyrste året etter opprykk frå tredje divisjon.
Av presse og media i salen under konkurransen er det fleire. Det er likevel berre ein som er der kvart år, og som også kjem frå utlandet. Den engelske nettstaden 4barsrest.com sendar kvart år journalistar for å dekka konkurransen med prognosar ut frå førre års resultat, kommentarar rundt prestasjonane, og intervju av musikantar og dirigentar. Den er lesen av tusenvis av korpsentusiastar verda over og har erfarne og dyktige journalistar som skriv omtaler og kritikkar.
I deira tilbakeblikk på framføringane i andre divisjon det året kommenterte dei musikklaget spesielt: Our winners were Tysnes Musikklag under the massive presence of Eirik Gjerdevik. And we say massive not just because he is a very big man (he would make an ideal second row forward in rugby), but because he really brought his large musical personality to bear on the performance of A London Overture'.
This was big and bold, not error free in any way, but still thrilling and very competent (especially the Principal Cornet). Third place was a touch unlucky for us. Heile artikkelen kan lesast på 4barsrest.com.
Året etter gjekk det ikkje likeeins med musikklaget, men publikum var mangedobbla og interessa for musikklaget frå den lille øya Tysnes var stor.
Les alle resultata musikklaget har i Noregs Meisterskapet gjennom tidene på resultatoversikta.
|