Flåm Musikklag
FLÅM MUSIKKLAG
 • Om Flåm Musikklag    • Nyhende    • Aktivitetsplan    • Biletgalleri    • Kontakt oss    • Info til medlemmar     • Gjestebok  

 

 

   Nyhende
           

Snarveier:
 Bli medlem
 Logg inn medlem
 Kontakt oss!
Antall besøk på siden: 17 617

 

 


Oktoberfest i Bergen 29.10.2011

Laurdag 29.10.2011 drog 21 forventningsfulle musikantar + dirigent med buss til Bergen, Krabbedalen 66. For tredje gongen var me inviterte til Oktoberfest, arrangert av Jernbanens Musikkorps Bergen.

Dette er ein uhøgtideleg konkurranse, kor det korpset/koret med størst underhaldingsverdi
og kreativitet vert premiert. Premien er pokal til odel og eige, noko me opplevde i 2009. Me ser alltid fram til Oktoberfesten med god stemning og god mat. Takk til Jernbanens Musikkorps Bergen for at dei held på denne
tradisjonen!

I år var temaet for konserten populærmusikk frå 50- og 60-talet. Til saman fem korps og eitt kor deltok. Notenemnda hadde plukka ut passande musikk:
Hootenanny, Spartacus og The Stripper. Me satsa stort på kreativitet og underhaldning. Jentene hadde sydd skjørta og pompadurane/sminkeveskene sjølve. Gjennom fleire månader hadde dei samla effektar til antrekket, nokre av dei vart handla inn når me var på tur til England. Solbrillene var på plass og sjølvsagt HubaBuba-tyggisen.

Karane hadde korrekt 50-/60-tals antrekk. Dei som hadde noko hår å snakka om, stayla seg med brylkrem og kam. Me gjorde ein strålande entrè med musikk frå Grease, og tok publikum med storm. Dirigenten vår, Oddgeir Øren, gjorde ein flott figur. Han showa i sitt ubeskrivelege antrekk og strippa til "The Stripper". Spelinga gjekk bra, og strålande nøgde gjekk me av scena, klare til å bestikka domarane så godt me kunne. Og me klarte det!

POKALEN KOM HEIM!


Klikk på bilete for å sjå det i større format

   

 


Velkomen til Oktoberfest 2011

Framme i Krabbedalen 66

Mange effektar å halda styr på

Ein siste sjekk i notane

Erling med sin tuba

Kva er det med buksa til Oddgeir?

Ein av dei flotte veggdekorane

Jernbanens Musikkorps Bergen og Eikelandsfjorden Musikklag

Hamre-Hjellvik Musikklag

Unnelandskoret

På tide å kle seg om til show og konsert

Oppvarming

Beate har dreisen på Hubba Bubbaen

Det har Siw òg

Egil Harald med ein siste puss på fleisen

Beate gjer sin entrè

òg her kjem ho Venke

Reidun og Ivar riggar seg til på scena

Oddgeir, Oddgeir, kva har du gløymd?

Jentene sminkar og pudrar seg

Ikkje speleklare riktig ennå!

Gutta så stilige med kvite sokker og brylkrem i håret

Oddgeir får endeleg entra scena

Halfdan riggar og Torild ser vel klar ut

Betina og Sissel

Endeleg i gong

Ingenting å sei på innsatsen her.....

eller her

Full kons.

Han sa han ikkje fekk lov til å strippa...

Stemningsfulle veggdekorasjonar

Her slappar me av og høyrer på siste korps ut

Vår favoritt-Bergen Embouchure Ensemble (BEE)-som spela.

Sprellemannn

Tango for to

San Fransisco

Yesterday

Sjå min kjole..

Er me ikkje flotte med solbriller

- og utan-

Midttun Paviljongorkester som spelte under og etter middagen

Her sendast det stemningsrapport

Liv-Anders-Harald-Jenny og Gunnar

Ingvar og Betina

Jernbanens Musikkorps Bergen får gåve

Innhaldet i fem poser med Twist samanbunde med hyssing

Godt eksempel på teamwork

Gullet kom heim!

Utskriftsvennlig versjon
 

 

 

Eit strålande brassband i Indre Sogn